Biblioteksøk

Det felles biblioteksøket frå Nasjonalbiblioteket skal gi éin inngang til norske bibliotekkatalogar, høve til å låne litteratur frå alle norske bibliotek og direkte tilgang på nett til litteratur som er digitalisert i Nasjonalbiblioteket. Biblioteksøk bidreg til å jamne ut ulikskapar mellom norske bibliotek og gir alle innbyggjarar same tilgang til litteratur, uavhengig av storleiken på biblioteket i kommunen dei bur i.

Alle kan nytte Biblioteksøk til søking. Lånarar med Nasjonalt lånekort som nyttar eit hentebibliotek som har knytt seg til Biblioteksøk, kan også bruke tenesta til å bestille bøker.

Søk etter materiale på https://bibsok.no/

Du treng lånekortnummer og pinkode for å bestilla materiale.

Translate »