Klepp fotosamling

Klepp kommune si historiske fotosamling er digitalisert og tilgjengeleg for allmenheiten. Samlinga inneheld kring 5500 bilete. Storparten av bileta er tekne av Karl Korneliusson Kleppe (1877-1959). Han var stortingsmann, lærar, gardbrukar og ein ihuga amatørfotograf.

Klikk her for å opne fotosamling

Tre bilete frå Klepp kommune si digitaliserte historiske fotosamling.
Bilete 1 (frå venstre): Melkestell hos K. K. Kleppe, bilete 2: Gurgrovene Grude og bilete 3: Løa til Roar Hatteland.

Vilkår for bruk av fotografi frå Klepp kommune si fotosamling:

  1. Fotografen eller Klepp kommune har alle rettar til alle bileta i samlinga.
  2. Den som bestiller bilete, kjøper berre retten til å bruka det i avtalt samanheng. Skal biletet brukast i annan samanheng, må dette avtalast med biblioteket.
  3. Ved offentleggjering av bilete frå samlinga må fotograf og/eller Klepp kommune krediterast. Jmf. Lov om opphavsrett til åndsverk.
  4. Alle bileta ligg ute i lågoppløyselig versjon. Ynskjer du å bestille bilete i høgoppløyselig kvalitet kan du bestilla via nettsida.
  5. Klepp bibliotek sender bestilte bilete som datafiler.


Bilete 1 (frå venstre): Kyrne jages ut etter melking, bilete 2: Treskorne står utanfor i byslaget og bilete 3: Skipsvrak heisast på land.

 

Translate »