Klepp bibliotek

Tlf 51 42 98 70 , e-post : klepp.bibliotek@klepp.kommune.no

Klepp bibliotek ligg i Klepp rådhus, sentralt i Kleppekrossen.

 

Opningstider:

Biblioteket har meirope 7.00 – 23.00 kvar dag, heile året,

ved underskriven kontrakt.

 

Måndag:    10.00 – 18.00

Tysdag:      10.00 – 18.00

Onsdag:     10.00 – 18.00

Torsdag:    10.00 – 18.00

Fredag:      10.00 – 15.00

Laurdag:    10.00 – 14.00

 

Klepp bibliotek held stengt alle heilagdager, samt nyttårs-, påske-, pinse- og julaften.

Me har òg avvikande opningstider i feriar.

På biblioteket kan du låna bøker, lydbøker, filmar, tidsskrift og vekeblad, musikk og dataspel.

Lokalsamlinga har lokalhistoriske bøker frå Klepp, Jæren og Rogaland. Bok til alle og Boka kjem er tilbod til dei brukarane som ikkje kan koma til biblioteket sjølv.

Biblioteket har eit godt samarbeid med Det flerspråklige bibliotek om bøker på andre språk som for eksempel arabisk og somalisk.

Biblioteket er ein møteplass, der du kan lesa aviser, ta ein drøs, sitja ved datamaskinar, surfa på internett og studera på lesesal eller grupperom.

Klepp bibliotek har ikkje berre bibliotekfunksjonar, men fungerer også som kommunen sitt servicekontor, der innbyggjarane kan kopiera, ta utskrift frå PC, senda fax og mail eller få bossekker.

Klepp kommune har som visjon: Barna, vår framtid. Barneavdelinga på Klepp bibliotek har høg aktivitet, med stort utlån og eit godt samarbeid med skular og barnehagar. På barneavdelinga kan du finna bildebøker, barne- og ungdomsbøker, teikneseriar, eventyrbøker, lydbøker og filmar. Barneavdelinga tilbyr 6-10 arrangement for førskulebarn i året.

Alle er velkomne til Klepp bibliotek!

 

Tilbod på Klepp bibliotek:

 

Fjernlån

Biblioteket kan låna inn materiale som me ikkje har sjølv frå andre bibliotek. Denne tenesta er gratis.

 

 

Bok til alle – bibliotek

Foreininga Leser søker bok samarbeider med over 250 bibliotek over heile landet. Desse biblioteka kallar vi Bok til alle-bibliotek. Her

kan ein enkelt finna bøker som er lette å lese. Bøkene er samla i eigne hyller og sortert etter grad av tilpassing. Bibliotekarane kan

også gi gode råd om kva bøker som kan passa best for ulike lesevanskar.

 

Bøker på andre språk

Biblioteket har eit godt samarbeid med Det flerspråklige bibliotek. Dermed har biblioteket bøker på fleire språk, både for vaksne og

barn. Forutan bøker på engelsk, kan ein låna bøker på blant anna arabisk, somalisk, polsk, russisk, dari, persisk, islandsk. Biblioteket

prøver å ha bøker på dei språka som blir etterspurde, så ta kontakt dersom du ikkje finn bøker på det språket du ønskjer.

Hugs også på at vi kan fjernlåna bøker frå blant anna Det flerspråklige biblioteket.

Kommende hendelser

sep
22
lør
10:00 Hobbyverksted på Klepp bibliotek @ Klepp bibliotek
Hobbyverksted på Klepp bibliotek @ Klepp bibliotek
sep 22@10:00-14:00
Hobbyverksted på Klepp bibliotek @ Klepp bibliotek
Hver lørdag er det hobbyverksted på Klepp bibliotek fra kl.10-14. Gratis.
sep
24
man
13:00 Strikk & Lytt @ Klepp bibliotek
Strikk & Lytt @ Klepp bibliotek
sep 24@13:00
Strikk & Lytt @ Klepp bibliotek | Rogaland | Norge
Bibliotekarene gir sine beste boktips. Ta gjerne med deg strikketøyet!   Enkel servering. Gratis inngang
sep
27
tor
18:00 Hvordan snakke så barn lytter og... @ Klepp bibliotek
Hvordan snakke så barn lytter og... @ Klepp bibliotek
sep 27@18:00
Hvordan snakke så barn lytter og lytte så barn snakker @ Klepp bibliotek
DET ER DESSVERRE IKKE LENGER LEDIGE PLASSER TIL FOREDRAGET Foredrag med Siw Bjørkås. Vil du læra å byggja sjølvkjensla hos barn? Ønsker du metodar til å roa ned opprørte barn? Kva kan me gjera når to[...]
sep
29
lør
10:00 Hobbyverksted på Klepp bibliotek @ Klepp bibliotek
Hobbyverksted på Klepp bibliotek @ Klepp bibliotek
sep 29@10:00-14:00
Hobbyverksted på Klepp bibliotek @ Klepp bibliotek
Hver lørdag er det hobbyverksted på Klepp bibliotek fra kl.10-14. Gratis.
okt
4
tor
18:00 Jærbu til toppen av Mount Everes... @ Klepp bibliotek
Jærbu til toppen av Mount Everes... @ Klepp bibliotek
okt 4@18:00-19:30
Jærbu til toppen av Mount Everest - foredrag @ Klepp bibliotek | Rogaland | Norge
Jærbu til toppen av Mount Everest – foredrag, film og bilder ved Steinar Salte.   20. mai 2017 stod Steinar Salte fra Klepp på toppen av Mount Everest. Han ble med det, første jærbu på[...]
okt
6
lør
10:00 Hobbyverksted på Klepp bibliotek @ Klepp bibliotek
Hobbyverksted på Klepp bibliotek @ Klepp bibliotek
okt 6@10:00-14:00
Hobbyverksted på Klepp bibliotek @ Klepp bibliotek
Hver lørdag er det hobbyverksted på Klepp bibliotek fra kl.10-14. Gratis.
14:00 Bymusikantene kommer til byen @ Klepp bibliotek
Bymusikantene kommer til byen @ Klepp bibliotek
okt 6@14:00-14:30
Bymusikantene kommer til byen @ Klepp bibliotek
Fortellerstund med Aud Jorunn Hakestad.   Passer for barn fra 3 år.
okt
9
tir
12:00 Høstferie på Klepp bibliotek @ Klepp bibliotek
Høstferie på Klepp bibliotek @ Klepp bibliotek
okt 9@12:00-14:00
Høstferie på Klepp bibliotek @ Klepp bibliotek
Hobbyaktiviteter for barn fra 1. klasse. Tirsdag, onsdag og torsdag kl. 12-14 i høstferien.
okt
10
ons
12:00 Høstferie på Klepp bibliotek @ Klepp bibliotek
Høstferie på Klepp bibliotek @ Klepp bibliotek
okt 10@12:00-14:00
Høstferie på Klepp bibliotek @ Klepp bibliotek
Hobbyaktiviteter for barn fra 1. klasse. Tirsdag, onsdag og torsdag kl. 12-14 i høstferien.
okt
11
tor
12:00 Høstferie på Klepp bibliotek @ Klepp bibliotek
Høstferie på Klepp bibliotek @ Klepp bibliotek
okt 11@12:00-14:00
Høstferie på Klepp bibliotek @ Klepp bibliotek
Hobbyaktiviteter for barn fra 1. klasse. Tirsdag, onsdag og torsdag kl. 12-14 i høstferien.
Translate »
Click to listen highlighted text!