KONFERANSE FOR ALLE, MEN SÆRLEG RETTA MOT INNVANDRARKVINNER.

Korleis kan ein orientera seg i det norske samfunnet?

Mange innvandrarkvinner – ofte gifte med nordmenn – kjenner ikkje til lover, reglar og rettar i det norske samfunnet. Dette gjer dei sårbare i enkelte situasjonar viss dei manglar kunnskap om kva rettar dei har krav på, og viss dei manglar, eller mister, trygge nettverk rundt seg.

Trudy-Ann Friestad har budd i England, er gift med ein nordmann og bur nå i Stavanger. Ho vart overraska over kor annleis det norske samfunnet er til forskjell frå der ho kom ifrå, og ho fekk kjenna på kroppen kor sårbar ein kan verta i vanskelege situasjonar. Ei oppleving ho trur ho deler med mange andre i liknande situasjon.
Dette vil ho gjera noko med.

Onsdag 22.mai inviterer ho til konferanse for alle som vil veta meir, både kvinner og menn. Det vert foredrag av politikarar og representantar frå politi og andre myndigheiter, kulturelle innslag og enkel servering.
Konferansen har gratis inngang.

PROGRAM:
16.30 Opning av konferansen ved varaordførar Sverre Risa og dagleg leiar i I.W.I.N. ARC Trudy Ann Friestad
16.45 Velkomen og introduksjon ved biblioteksjef Aud Søyland Kristensen
16.55 Musikalsk innslag ved Steinar Berg
17.10 Foredrag ved politioverbetjent i Sør-Vest politidistrikt, Sissel Meling
17.30 Foredrag ved spesiell gjestetalar, Iram Malik
17.50 Pause med lette forfriskningar
18.10 Foredrag ved fylkesleiar i Time SV, Ingrid Fiskaa
18.30 Foredrag ved rettleiar i Jæren Produktutvikling, Heidi Roos
18.50 Foredrag ved familierettleiar i Time kommune, Aina Kvammen
19.10 Musikalsk avslutning ved Steinar Berg

Stad: storsalen i Time bibliotek
Det vert enkel servering og musikk av lokale musikarar.
Fri entré.
Alle er velkomne!

Translate »