Time fotosamling

Time bibliotek har, i samarbeid med Jærmuseet, digitalisert ca 3500 bilde frå den lokale fotosamlinga. No kan alle enkelt få tilgang til bilda. Samlinga inneheld mellom anna fleire hundre Widerøe-bilde (flyfoto) frå heile kommunen frå 1950-60-talet, innsamla bilde til dei to siste banda av Time gard og ætt, og rundt 2000 bilde tatt av Peder Netland. Hans bilde er av alt frå bygningar og familiar til kvardagssituasjonar.

Klikk på lenka nedanfor for å finne bilete frå fotosamlinga.

https://digitaltmuseum.no

 

                                   

Vilkår for bruk av fotografi frå Time bibliotek si fotosamling

 

  1. Fotografen eller biblioteket har alle rettar til alle bileta i samlinga. Bileta kan ikkje brukast utan samtykke frå  fotografen eller biblioteket.
  2. Den som bestiller bilete, kjøper berre retten til å bruka det i avtalt samanheng. Skal biletet brukast i annan samanheng ein annan gong, må dette avtalast med biblioteket.
  3. Ved bestilling av bilete reknar me kr 150 i administrasjonsutgifter for det første biletet, kr 50 pr stk for dei påfølgande i same bestilling.
  4. I tillegg vert det pålagt kr 500 i avgift for bilete som skal brukast i kommersielle samanhenger. For bruk innan vitskap, til museumspublikasjonar og lokalhistorisk litteratur reknar me ingen avgift utover administrasjonsutgifter.
    Det er kjærkome viss biblioteket får tilsendt eitt eksemplar av ein eventuell publikasjon kor bestilte bilete er bruke.
  5. Bileta må ikkje endrast (retusjering, digital manipulering, beskjæring) utan samtykke frå fotografen / biblioteket.
  6. Ved offentleggjering av bilete frå samlinga må fotograf og/eller Time bibliotek krediterast. ( Fotograf / Time bibliotek) Jmf. Lov om opphavsrett til åndsverk  
  7. Time bibliotek sender bestilte bilete som datafiler til oppdragsgivar.

Translate »