I haustferien vert det fleire aktivitetar for barn på Klepp bibliotek.

Måndag, tysdag og onsdag frå kl. 12-14 er det hobbyverkstad for 1. – 4. klasse. Då lagar vi eddarkoppar og flaggermus. Inga påmelding.

Torsdag og fredag frå kl. 12-14 er det hobbyverkstad for 5. klasse og oppover. Då kan du ta med ei t-skjorte og laga ditt eige trykk, eller sy deg ein hårstrikk. Gratis påmelding på TicketCo eller på biblioteket. https://kleppbibliotek.ticketco.events/no/nb

Torsdag kl. 12 fortel Aud Jorunn Hakestad om Då Tor mista hammaren, ei forteljing frå norrøn mytologi. Passar for barn frå 6 – 10 år. Inga påmelding.

Translate »