Hele Rogaland Leser 10 år

I år har Hele Rogaland leser 10-årsjubileum, og i løpet av dei 10 åra er det delt ut 10 bøker og

opplaget kvart år har vore mellom 20.000 og 40.000 eksemplarer per år.

Målet med prosjektet er å gi befolkninga i fylket ei felles leseoppleving og auke interessa for litteratur.

 

Årets Hele Rogaland leser vart sparka i gang lørdag 15. september med utdeling av årets bok, Kompani Orheim.

Forfatter Tore Renberg er fødd og oppvokst i Stavanger, og med unntak av studieår i Bergen har

Renberg stort sett budd i Stavanger-området.

Hans første roman kom ut i 1995, men det litterære gjennombrotet kom i 2003 med den første Jarle Klepp-romanen,

Mannen som elsket Yngve. Den er og filmatisert med Stavanger-mannen Rolf Kristian Larsen i hovudrolla.

Foruten romaner om Jarle Klepp og Teksas-serien har Renberg skrevet barnebøker, kortprosa, skodespel og filmmanuskripter.

 

Hele Rogaland leser-prosjektet vart starta i 2008 under namnet Hele byen leser.

Då var det ein del av kulturhovudstadsåret til Stavanger.

To år seinare, i 2010, endra det namn til Hele Rogaland leser og prosjektet vart regionalt.

I dag er det eit samarbeidsprosjekt mellom Rogaland fylkeskommune, LO Rogaland, Næringsforeningen i

Stavanger-regionen og Sølvberget, Stavanger bibliotek- og kulturhus. Folkeakademiet Rogaland organiserer bibliotekturnéen.

 

Då prosjektet vart starta i 2008 var det publikum som valgte ut boka gjennom avstemming og då falt dommen på

Arild Reins Kaninbyen.

I dei påfølgende åra er det ein jury som har valgt ut boka og forfatterne som blir vurdert har ein sterk tilknytning til Rogaland.

Sidan oppstarten har boklista variert med romaner, dikt, teikneserie, barnebok, reiseskildring og sakprosa.

 

  • 2008 Arild Rein – Kaninbyen
  • 2009 Alexander Kielland – Fortuna
  • 2010 Einar O. Risa – M. Kanne & Søn
  • 2011 Lene Ask – Hitler, Jesus og farfar
  • 2012 Kolbein Falkeid – Utvalgte dikt
  • 2013 Ingeborg Sanner (red.) – Makt, ofre og idioter: en antologi om makt i Rogaland
  • 2014 Kjartan Fløgstad – Grand Manila
  • 2015 Erna Osland og Inger Lise Belsvik (ill.) – Sov søtt, herr Spiss
  • 2016 Erika Fatland – Sovjetistan
  • 2017 Arne Vestbø – Øverst på nazistenes liste

 

Fleire av forfatterne har vore på turné med boka si, og Arne Vestbø var og innom fleire skular i området

og fortalte om Moritz Rabinowitz for skuleklassar i 2017.

Dei fleste bøkene som blir valgt er ikkje nye, men i 2013 gikk antologien Makt, ofre og idioter inn i markeringa av stemmeretts-jubileet

og var ei samling av nyskrevne essays, noveller, dikt og reportasjer, samt teikneserier og illustrasjoner.

Ei barnebok har vore på lista, Sov søtt, herr Spiss, og målet den gong var å skape gode lesestunder for små og store.

 

Skrevet av Elida Stangeland 15.10.2018

Elida Stangeland

Translate »
Click to listen highlighted text!