Fråsegn om personvern Jærbiblioteka

FRÅSEGN OM PERSONVERN JÆRBIBLIOTEKA

Fråsegn om personvern

Klepp bibliotek, Sola bibliotek og Time bibliotek, (heretter kalla Jærbiblioteka), har ansvaret for at dei personopplysningane vi får, blir handsama i samsvar med personopplysningslova og dei lovene som gjeld til ei kvar tid. Denne fråsegna om personvern forklarer kva for personopplysningar vi får, samlar inn og handsamar når du låner, brukar Mine sider og går inn på denne nettsida (som vi vidare vil omtala samla som «våre tenester»). Med personopplysningar meiner vi opplysningar og vurderingar som kan knytast til deg som enkeltperson.

Ansvar for handsaming

Jærbiblioteka har ansvaret for handsaming av personopplysningar i samband med tenestene våre. Har du spørsmål eller meiningar om fråsegna om personvern, inkludert eigne rettar etter lova, kan du kontakta oss på: bibliotek@time.kommune.no / bibliotek@sola.kommune.no / klepp.bibliotek@klepp.kommune.no

Lånehistorikk og lånedata – personopplysningar i biblioteksystemet

For å låna bøker og andre medium, må du ha eit bibliotekkort som du får ved å registrera deg som lånar i biblioteksystemet vårt Mikromarc og/eller appen eBokBib (for lån av e-bøker). Ein avtale med systemleverandøren sikrar at andre ikkje kan bruka personopplysningane utover det biblioteket, som ansvarleg for handsaminga, har bestemt.
Informasjon fra Mikromarc systemleverandør om GDPR: http://www.bibits.no/wp-content/uploads/2018/04/Viktig-informasjon-om-GDPR.pdf 

Du kan når som helst avslutta medlemskapen din ved å kontakta oss på: bibliotek@time.kommune.no / bibliotek@sola.kommune.no / klepp.bibliotek@klepp.kommune.no. Uteståande lån må du levera før du kan avslutta medlemskapen.

Bruk av informasjonskapslar (cookies) på www.jaerbiblioteka.no

Biblioteket samlar inn opplysningar om dei som går inn på nettsidene. Dette gjer vi ved å bruka informasjonskapslar, såkalla cookies. Dette er små tekstfiler som vert lagra på datamaskinen din når du går inn på ei nettside. Lagring og handsaming av opplysningar som vert samla inn på denne måten er berre lov dersom brukaren er informert om og har gitt samtykke til det. Brukaren skal vita og godkjenna kva for opplysningar som vert handsama, kva som er føremålet og kven som handsamar opplysningane.

Føremålet med bruk av informasjonskapslar

Jærbiblioteka samlar inn data ved bruk av informasjonskapslane  for å måla trafikken og korleis nettsidene og tenestene våre vert brukt. Denne informasjonen vert analysert og brukt for å gjera nettsida til biblioteket så brukartilpassa og velfungerande som råd.

Kva for opplysningar er det vi samlar inn med informasjonskapslar

Biblioteket samlar inn IP-adressar og informasjon om åtferda til dei som går inn på nettsida ved bruk av informasjonskapslar.

Biblioteket brukar informasjonskapslar frå tredjepart for å gjennomføra webanalysar og for å ta i bruk webanalyseverktøy. Biblioteket brukar i all hovudsak Google Analytics til dette. Når biblioteket brukar Google Analytics, vert informasjonen anonymisert. Les meir om Googles personvernregler her.

Kven er det som brukar opplysningar samla inn via informasjonskapslar

Opplysningane som vert samla inn via informasjonskapslar på www.jaerbiblioteka.no vert berre nytta internt. Opplysningane vert ikkje vidareførte til andre utover det som er spesifisert ovanfor.

Du kan sjølv administrera bruk av informasjonskapslar

Viss du ikkje vil at nettlesaren din skal levera ut informasjon om besøket ditt på www.jaerbiblioteka.no, kan du endra innstillingane i nettlesaren din. Vêr likevel merksam på at nettstaden ikkje vil fungera optimalt viss du ikkje aksepterer informasjonskapslar. Du kan sjølv sletta informasjonskapslar frå menyen i nettlesaren. Informasjonskapslane vil likevel koma opp igjen neste gong du går inn på nettstaden vår, med mindre du har endra innstillingane.

Sosiale medium

Funksjonen «Del med andre» kan du bruka til å vidaresenda lenker frå nettstaden på e-post, eller til å dela innhaldet på sosiale nettsamfunn (Facebook, Twitter, Google + og LinkedIn). Opplysningar om tips vert ikkje lasta ned hos oss, men vert berre brukt til å leggja inn tipset hos nettsamfunnet. Vi kan likevel ikkje garantera at nettsamfunnet ikkje lagrar desse opplysningane. Slike tenester bør difor brukast med vett, og vi rår deg til å lesa gjennom fråsegnene om personvern til nettsamfunna. Dersom du nyttar e-post, sender vi berre meldingane vidare utan å lagra dei.

E-post

Når du kommuniserer med oss via bibliotek@time.kommune.no / bibliotek@sola.kommune.no / klepp.bibliotek@klepp.kommune.nolagrar vi meldingane midlertidig slik at vi kan hjelpa deg best råd. E-postane vert lagra i kommunen sitt e-postsystem, og dei vert sletta når dei er ferdigbehandla. Meldingar som er arkivpliktige, til dømes formelle klager, vert lagra i kommunen sitt arkivsystem.

Rutinar for lagring og informasjonstryggleik

Personopplysningar blir lagra og handsama i samsvar med gjeldande personvernlover. Biblioteket vil gjennom planlagde og systematiske tiltak sjå til at informasjonstryggleiken med omsyn til konfidensialitet, integritet og tilgjenge er tilfredsstillande.

Personopplysningane vert lagra hos biblioteket så lenge det er eit sakleg behov, og uansett ikkje lenger enn krava i personvernlovene. Dei vil då bli anonymiserte eller sletta.

Utlevering av opplysningar

Personopplysningane dine kan bli gjort tilgjengelege for dei som leverer tekniske eller administrative tenester til oss. Då sikrar vi at desse følgjer våre krav til handsaming av personopplysningar og gjeldande lover.

Personopplysningar kan også bli utlevert dersom det er lovheimel for det eller vi får pålegg frå ein  domstol eller annan offentleg mynde. Personopplysningane vil ikkje bli utlevert til land utanfor EU/EØS.

Rett til å krevja innsyn, retting, sletting, avgrensingar og overføring av data

Du har til ei kvar tid rett til å sjå dei opplysningane som er registrerte om deg, og du kan krevja retting, sletting (inkludert retten til å bli gløymt) og rett til avgrensing av handsaming i samsvar med gjeldande personvernlover. Dersom du ønskjer noko av dette, kan du når som helst kontakta oss på bibliotek@time.kommune.no / bibliotek@sola.kommune.no / klepp.bibliotek@klepp.kommune.no .

Du har også rett til å krevja å få personopplysningar, som du har gitt biblioteket, i eit oversiktleg  og maskinleseleg format (dataportabilitet), i samsvar med personvernreglane. Dersom det er teknisk råd, kan du også krevja å få overført personopplysningane direkte frå biblioteket til ein annan som kan handsama opplysningane.

Klageorgan

Dersom du meiner at Biblioteket har handsama personopplysningane dine i strid med personvernlovene, kan du til ei kvar tid klaga til Datatilsynet.

Endringar

Denne fråsegna om personvern kan bli revidert av biblioteket viss det til dømes skjer endringar i personvernlova. Då vil ny fråsegn bli publisert på nettsida vår. Viss slike endringar får konsekvensar for personvernet ditt, vil dei bli gjort godt synlege, og du vil få høve til å gje eit nytt samtykke.

Kontakt

Dersom du ønsker meir informasjon om vår behandling av personopplysninger, kan du kontakta oss på 

Søk i biblioteket

Kalender

feb
19
tir
19:00 Leselyst. Open lesesirkel. @ Klepp bibliotek
Leselyst. Open lesesirkel. @ Klepp bibliotek
feb 19@19:00-20:30
Leselyst. Open lesesirkel. @ Klepp bibliotek
  I vår opne lesesirkel les me i februar boka Morgen i Jenin av Susan Abulhawa. Me møtest ein gong i månaden og snakkar om boka me har lese. Du treng ikkje melda deg på[...]
feb
20
ons
19:00 6 tiår med lesing med Aud Jorunn... @ Sola kulturhus
6 tiår med lesing med Aud Jorunn... @ Sola kulturhus
feb 20@19:00-20:00
6 tiår med lesing med Aud Jorunn Haugen Hakestad @ Sola kulturhus | Rogaland | Norge
Boktips fra 6 tiår med lesing: Aud Jorunn Hakestad forteller fra oppvekst og voksenliv, og presenterer bøker hun har lest gjennom disse årene. Hun tar oss med inn i leseopplevelser av både klassikere og døgnfluer,[...]
feb
21
tor
10:00 SeniorSurf @ Time bibliotek
SeniorSurf @ Time bibliotek
feb 21@10:00-12:00
SeniorSurf @ Time bibliotek
Digital nybegynnar? Treng du hjelp til å bli digital deltakar i samfunnet? Vil du læra om bruk av pc, nettbrett, smarttelefon og internett? Ta med deg ditt digitale hjelpemiddel og møt opp på biblioteket kvar[...]
13:00 Litterær lunsj: Vår vesle – roma... @ Time bibliotek
Litterær lunsj: Vår vesle – roma... @ Time bibliotek
feb 21@13:00-14:45
Litterær lunsj: Vår vesle – roman og teaterstykke @ Time bibliotek
Litterær lunsj: Vår vesle – roman og teaterstykke Ved forfattar Kristin Auestad Danielsen Torsdag 21. februar kl. 13.00 | Kafeen | Gratis (Foto: Ørjan Z. Johansen)
18:00 Flink pike. Foredrag med Unn The... @ Klepp bibliotek
Flink pike. Foredrag med Unn The... @ Klepp bibliotek
feb 21@18:00
Flink pike. Foredrag med Unn Therese Omdal @ Klepp bibliotek | Rogaland | Norge
For et par år siden opplevde Unn Therese Omdal, som til daglig sjonglerer rollene som yrkesaktiv firebarnsmor, politiker og instruktør i mindfulness og stressmestring, selv å bli sykemeldt på grunn av stress. I boken Diagnose:[...]
feb
23
lør
10:00 hobbyverksted for barn @ Klepp bibliotek
hobbyverksted for barn @ Klepp bibliotek
feb 23@10:00-14:00
hobbyverksted for barn @ Klepp bibliotek
Hver lørdag kl. 10-14 legger vi frem utstyr til ulike aktiviteter som alle kan lage selv. Aldersgruppe ca 5-10 år.
12:00 Familiefilm på Kulturhuset @ Sola bibliotek
Familiefilm på Kulturhuset @ Sola bibliotek
feb 23@12:00-14:00
Familiefilm på Kulturhuset @ Sola bibliotek
Sola bibliotek og Sola kulturhus inviterer til gratis familiefilm på kulturhuset! Filmene som vises er et utvalg nyere filmer som passer for de minste. Det er åpent kiosk i forkant av filmvisningene. Pga rettigheter kan[...]
12:00 Laurdagsfilm @ Time bibliotek
Laurdagsfilm @ Time bibliotek
feb 23@12:00-14:00
Laurdagsfilm @ Time bibliotek
Laurdagsfilm for små og store i storsalen eller haugtussasalen. For filmoversikt, ble medlem av   Facebookgruppa vår: Laurdagsfilm på Time bibliotek, eller sjå vårmenyen.   Gratis arrangement
feb
25
man
12:00 Vinterferien: 3D-design med Vizo... @ Sola bibliotek, Utstillingssalen
Vinterferien: 3D-design med Vizo... @ Sola bibliotek, Utstillingssalen
feb 25@12:00-15:00
Vinterferien: 3D-design med Vizo | Påmelding @ Sola bibliotek, Utstillingssalen
I vinterferien har vi kurs i 3D-design og -printing med Marianne Hebnes fra Vizo. Kl. 12. – 15 i Utstillingssalen. Alle deltakere må ha med egen bærbar PC og ekstern mus. Aldersgrense er 10 år,[...]
Translate »