The Tall Ship Races vitja sørlandskysten igjen i sommar med sine staselege seglskuter.

Alle skuteinteresserte – og alle andre – vil nå få høve til gjensyn med den sjarmerande filmen «Windjammer» frå 1958. Skuleskipet Christian Radich har hovudrolla på tokt over Atlantaren med sitt unge mannskap, som før overfarten får oppleva Madeira og deretter gå i land på dei indiske øyar og i New York. Mange eksotiske opplevingar ventar!

Kommentarar på engelsk ved Erik Bye.

Fredag 13. september kl 12.00-13.30.
Stad: storsalen i Time bibliotek
Arrangementet er gratis!

Translate »