nov
23
lør
Laurdagstonar i biblioteket @ Time bibliotek
nov 23@13:30-15:00
Laurdagstonar i biblioteket @ Time bibliotek

«Klassiske tonar på ein laurdag»

Blåsekvintetten B 5

Blåsekvintetten B5 har spela saman i 25 år og delt mange gode musikalske opplevingar.
Lista av favorittmusikk har etterkvart blitt lang, og noko av dette får publikum høyra på konserten. Det vert servert eit rikt utval av vakker musikk skrive for fløyte, obo, klarinett, horn og fagott.
Elisabeth Barstad, Trond Galtung, Guri Årsvoll, Ingvild Berger og Finn Måseidvåg gler seg til å dela den unike musikken.
(Får du ikkje med deg konserten på dagtid, har du nytt høve i Sola Ruinkirke same dag, laurdag 23.11.19 kl.18.00)

Time bibliotek

Laurdag 23. november kl. 13.30

Gratis entrè

 

Elisabeth Barstad, fløyte | Trond Galtung, obo | Guri Årsvoll, klarinett
Ingvild Berger, horn | Finn Måseidvåg, fagott    

 

des
5
tor
Astroshowet «Out of Space» @ Time bibliotek
des 5@18:00-19:00
Astroshowet "Out of Space" @ Time bibliotek

Bli med og opplev Universets mysterier saman med astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard, som mange kjenner frå NRK TV, og Sci-fi-forfattar og vitenformidlar Anne Mette Sannes.

Pris kr 100 (vaksne/barn) – Vipps! #542103 (Time bibliotek)

Mange, både barn og vaksne, er fascinert av verdsromet.
Time bibliotek tilbyr dette fantastiske showet til ein svært rimeleg inngangsbillett, uansett alder.
Passar for barn frå 9-10-årsalder og vaksne i alle aldre.
Avgrensa antal billettar, så førstemann til mølla!!

Opplev siste utforsking av Pluto og andre mystiske objekt ytst i Solsystemet, dei mest interessante exoplanetane som er funne, svarte hol, kolonisering av Solsystemet, romheisar og ikkje minst Solsystemets og Galaksens dramatiske framtid.

Kva farar truer menneskeheita på kort sikt, og kva er mogleg for å berga oss? Korleis sikre at menneska kan overleve som art? Finst intelligent liv, og korleis vil me eventuelt kunne oppnå kontakt med framande sivilisasjonar? Er universet vårt ein del av eit gigantisk multivers? Finst ormehol, og kva moglegheiter kan desse i så fall gje?

Anne Mette Sannes og Knut Jørgen Røed Ødegaard presenterer eit multimedieshow med spektakulære bilde, filmar, animasjonar, lydeffekter og musikkvideoar.

Det vert høve å få kjøpt signerte bøker i etterkant av forestillinga.

Translate »