Når:
30. januar 2020@18:00-19:30
2020-01-30T18:00:00+01:00
2020-01-30T19:30:00+01:00
Hvor:
Time bibliotek
Hetlandsgata 11
Pris:
Gratis
Shared reading - eit litterært pusterom @ Time bibliotek

Ein pause i kvardagen? Eller spa for hjernen?
Bli med på Shared Reading!

Shared Reading betyr å lesa ein litterær tekst i fellesskap.
Ein leseleiar les høgt ein på førehand valt novelle, eit dikt e.l. Deretter snakkar me om korleis me opplever teksten.
Alt du treng å gjera, er å koma. Inga førebuing, ikkje krav om å delta aktivt i samtalen.
Du kan berre lytta, viss du helst vil det. Men mange kjenner lyst til å dela tankar omkring teksten etterpå.

Metoden har vorte svært populær og breier om seg både i bibliotek og institusjonar.

Time bibliotek vil arrangera «Shared reading»-arrangement to gonger i månaden frå januar 2020. Heilt gratis!
Bibliotekar Ingrid Bie Helgesen er leseleiar

Translate »