Når:
24. januar 2019@11:00-13:00
2019-01-24T11:00:00+01:00
2019-01-24T13:00:00+01:00
Hvor:
Time bibliotek
Hetlandsgata 11
Pris:
100 kr / gratis (medl.)

Foredrag ved professor emeritus Gudleiv Bø.

Arne Garborg voks opp som kristen, og steig fram i det offentlege livet som ein kristen intellektuell. Men han utvikla seg snart til ein engasjert kyrkjekritikar. I det kjende essayet «Troen på livet» frå 1895 argumenterer han for at «ærefrykt for livet» er ei form for religiøsitet. Vidare utover på 1890-talet held han fram kyrkjekritikken sin, samstundes som han lanserer ein alternativ kristendom – først og fremst basert på evangelia sine forteljingar om Jesus frå Nasaret.

Foredraget legg særleg vekt på det som skjer med Garborgs livssyn etter «Troen på livet».

Gudleiv Bø (f.1939) frå Bærum var professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo fram til han gjekk av for aldersgrensa i 2009. Han har gitt ut bøker om Garborg, om Ibsen, om folkedikting og populærlitteratur og om den nasjonale tematikken i norsk litteraturhistorie. Boka «Jesus fra Jæren», som tittelen på foredraget er henta frå, kom i 2018.

Pris: 100 kr / gratis for medlemmar i Jæren senioruniversitet
Arrangør: Jæren Senioruniversitet

Garborgdagar 2019 er støtta av Norsk kulturfond / Kulturrådet.

www.garborgdagar.no

Foto: ukjent/Nasjonalbiblioteket

Translate »
Click to listen highlighted text!