FOREDRAG:
Stat og Kyrkje i Frankrike: Notre-Dame-brannen som symptom og symbol på vanskane med å praktisere sekulærstaten.

Det ser ut til at ein viktig grunn til at Notre-Dame i Paris stod i brann i den stille veka, er at det har vore alt for stille om fordeling av ansvar mellom staten og den katolske kyrkja med omsyn til vern av kulturarven.

Kyrkja sine tenarar har i nokon monn teke seg til rette med å gjere endringar, staten og La Patrimoine, organisasjonen som driv fortidsminnevern/kulturvern for staten, har søkt å spare mest mogleg pengar. Det har ikkje berre gått ut over katedralen i Paris, men siste to-tre åra er nærare 1000 kyrkjer vandaliserte, er tømde for verdiar eller skjenda. Alt dette er teikn på koss den franske staten lenger ikkje har ein klår politikk for tilhøvet mellom religion og stat.

Når det statlege ansvaret svekkest og vert utydeleg, vert det sleppt laus krefter som trugar med å ta overhand på andre område, såleis mellom ytterleggåande muslimske grupper som vil ha sharialovgjeving, islamistar så vel som nynazistar som går til åtak på jødiske eigedommar og institusjonar, og allment sett ei forverring av hopehavet mellom religionane.

Det er ingen grunn til å tru at Notre-Dame-brannen var uttrykk for terror eller sabotasje frå noka gruppe. Derimot er det i etterhand kome fram mange prov på koss franske styresmakter idag ser ut til å vere makteslause overfor ei utvikling som har sitt utgangspunkt i hendingar i 1989.

Føredraget tek for seg dei aktuelle utfordringane for fransk laïcité, altså læra om sekulærstaten som vernar om religionsfridomen til alle.

Inngang: kr 150 / kr 100 (medl) / kr 50 (student)