Når:
29. august 2019@11:00-13:00
2019-08-29T11:00:00+02:00
2019-08-29T13:00:00+02:00
Hvor:
Time bibliotek
Hetlandsgata 11
Pris:
Kr 100/gratis (medl.)
Foredrag: Jærlandbruket i framtida: Dekk & diesel eller grønt lokomotiv? @ Time bibliotek

Torsdag 29. august: Jærlandbruket i framtida: Dekk & diesel eller grønt lokomotiv?

Mjølk av havre, 3D-printa kjøt utan «drap» på dyr – og klimaendringar me berre har sett starten på.

Jæren er ein av dei aller viktigaste matproduserande regionane i landet, og bøndene her er kjende for stor produksjon og pågangsmot.

No utfordrar global oppvarming, nye forbrukartrendar og dyrevelferdskrav måten dei driv på.

Samstundes blir gardane færre og større. Korleis taklar landbruket desse endringane?

Er jærbonden så om-stillingsdyktig som han har ord på seg for å vera?    Bothild Å. Nordsletten snakkar om snubletrådane og gullsjansane på vegen fram.

Bothild Åslaugsdotter Nordsletten er redaktør i fagbladet Bondevennen. Ho har mastergrad i statsvitskap frå London School of Economics med tidlegare Sovjetunionen som spesiale.

Har jobba i utanrikstenesta og vore humlerøktar på Taksdal. Røktar bier og dyrkar mat i hagen. Jærbu på sin hals.

 

Arr.: Jæren SeniorUniversitet

Torsdag 29. august kl. 11.00 | Storsalen | Kr 100/gratis (medl.)

 

Foto: Jæren senioruniversitet

Translate »