Klikk for å vise på kart
Når:
30. august 2018@11:00-13:00
2018-08-30T11:00:00+02:00
2018-08-30T13:00:00+02:00
Hvor:
Time bibliotek
Hetlandsgata 11
4340 Bryne
Norge
Pris:
Kr 100/gratis (medl.)

Foredrag ved professor Bernt Hagtvet.

Studentopprøret for 50 år sidan skulle setja djupe spor etter seg, og «sekstiåttargenerasjonen» har prega politikken, kulturlivet og det akademiske livet heilt fram til i dag.

Professor Bernt Hagtvet var sjølv student ved det amerikanske Yale-universitetet under opprøret.

I førelesinga vil han først presentera dei faktiske hendingane me vanlegvis set i samband med studentopprøret i 1968, og deretter gi ei tolking av opprøret og etterverknadene i Norge og elles i verda.

Han vil særleg konsentrera seg om omgrepa internasjonalisering og radikalisering.

Hagtvet vil også fortelja om sine eigne inntrykk og opplevingar frå det dramatiske året.Bernt Hagtvet, f. 1946, er professor emeritus i statsvitskap ved Universitetet i Oslo.

Hans spesialområde er demokrati, menneskerettar og ekstreme politiske organisasjonar. Gjennom heile karrieren har han vore ein aktiv og engasjert formidlar og samfunns-debattant.

 

Arr.: Jæren SeniorUniversitet
Torsdag 30. august kl. 11.00 | Storsalen | Kr 100/gratis (medl.)

(Foto: Bjørknes Høyskole)

Translate »
Click to listen highlighted text!