Me har gleda av å invitere til fleire digitale forfattarbesøk fram mot 15 juni. Dette er for å inspirere til leseglede, og til å melde seg på årets sommarles-kampanje.

Det vert i alt 6 digitale besøk, fordelt på dei neste vekene. Opplegget vil ligge tilgjengeleg i 24 timar etter at live-streamen er over. Kvart opplegg varer ca 30 minutt og passar for barn i grunnskulen.

Veke 22 fekk vi besøk av Arne Svingen og Maiken Nylund. Desse arrangementa er no avslutta.

Veke 23 står Mari Moen Holsve og Bjørn F. Rørvik for tur. Begge arrangementene er avslutta.

Veke 24 er det Jørn Lier Horst, Hans Jørgen Sandnes,Anne Sverdrup-Thygeson og Alice Lima De Faria som står klare til å inspirere ungane.


Anne Sverdrup-Thygeson har skrive boka «Insektenes hemmeligheter : snorkelmygg, zombiebiller og andre småkryp rundt deg». I denne boka lærer du  korleis flua klarer å gå opp ned i taket på rommet ditt, kvifor myggstikk klør og kva for insekt som faktisk var det aller første dyret i verdsrommet (Tanum.no). Dette er ei faktabok som passar frå aldersgruppa 6-12 år.

Alice Lima De Faria skal fortelje om billedboka «Fuglefesten». Ho står og bak suksessen «Det var ikkje eg, sa Robin Hund». Begge bøkene handlar om å føle seg utanfor, og om vennskap, og passar frå alderen 3- 8 år.

Detektivbyrå nr. 2 – møt Jørn Lier Horst og Hans Jørgen Sandnes
Bli med og løs mysterier! Bøkene om Detektivbyrå nr. 2 er spennande og morosam barnekrim, og er Noregs mest populære serie for unge bokslukarar. Handlinga er lagt til småbyen Elvestad, og du skulle kanskje tru at store ting ikkje hendte der. Men det gjer det. For Elvestad er ein by for mysterier. Og mysterier er som kjent til for å løyses. Jørn Lier Horst fortel og Hans Jørgen Sandnes teikner. Passer for barn frå 6 til 10 år. Varighet ca 30 minutter.


Alle arrangementene er avslutta.

Translate »