Vilkår for bruk av fotografi frå Time bibliotek si fotosamling

  1. Fotografen eller biblioteket har alle rettar til alle bilda i samlinga. Bilda kan ikkje brukast utan samtykke frå fotografen eller biblioteket.
  2. Den som bestiller bilde, kjøper berre retten til å bruka det i avtalt samanheng. Skal bildet brukast i annan samanheng ein annan gong, må dette avtalast med biblioteket.
  3. Ved bestilling av bilde reknar me kr 150 i administrasjonsutgifter for første bilde og kr 50 for kvart av dei på påfølgande.
  4. I tillegg vert det pålagt kr 500 i brukaravgift pr bilde viss dei vert brukt i kommersielle samanhenger. Mengderabatt 10% for bestilling av meir enn ti bilder.
  5. For bruk innan vitskap, til museumspublikasjonar og lokalhistorisk litteratur reknar me ingen avgift utover administrasjonsutgifter.
  6. Det er kjærkome viss biblioteket får tilsendt eitt eksemplar av ein eventuell publikasjon kor bestilte bilde er bruke.
  7. Bilda må ikkje endrast (retusjering, digital manipulering, beskjæring) utan samtykke frå fotografen / biblioteket.
  8. Ved offentleggjering av bilde frå samlinga må fotograf og/eller Time bibliotek krediterast. ( Fotograf / Time bibliotek) Jmf. Lov om opphavsrett til åndsverk 
  9. Time bibliotek sender bestilte bilde som datafiler til oppdragsgivar.
Translate »
Click to listen highlighted text!