Time kommune

Time bibliotek

Ein oase for kunnskap og oppleving

Time bibliotek samarbeider med Klepp bibliotek og Sola bibliotek under nemninga Jærbiblioteka.
Visjonen til Time bibliotek er «Ein oase for kunnskap og oppleving». Biblioteket er samlokalisert med Garborgsenteret og kaféen Garborgstova. Me ligg like ved høghuset og næringssenteret Forum Jæren ved jernbanestasjonen på Bryne, og er næraste nabo til Bryne vidaregåande skule.
Time bibliotek ein stad kor publikum kjem både for å låna bøker, men får også eit stort og variert tilbod om arrangement for store og små, unge og eldre. I tillegg til lange opningstider dagleg, har me sjølvbetjening på søndagar mellom kl 12-17.
Time bibliotek tilbyr også gratis lån av møtelokale i opningstida og leige av Storsalen til ulike arrangement – både for bedrifter, organisasjonar og privatpersonar.
Sjå leigeprisar her: http://jaerbiblioteka.no/lan-og-leige-av-lokale-time-bibliotek
Du kan kontakta oss på telefon: 51 77 61 70 eller e-post: bibliotek@time.kommune.no
Me er også å finna på sosiale media facebook, twitter, instagram og snapchat.

    Twitter logo    Snapchat logo

Opningstider

Ordinære opningstider Sommaropningstider 19.06. – 20.08. Sommar Garborgsenteret
Måndag 08:00 – 19:00  09:00 – 15:00  10:00 – 15:00
Tysdag 08:00 – 19:00  09:00 – 15:00 10:00 – 15:00
Onsdag 08:00 – 19:00  09:00 – 15:00 10:00 – 15:00
Torsdag 08:00 – 19:00  09:00 – 18:00 10:00 – 15:00
Fredag 08:00 – 18:00  09:00 – 15:00 10:00 – 15:00
Laurdag 10:00 – 16:00  10:00 – 15 :00 10:00 – 15:00
Sundag 12:00 – 17:00 (sjølvbetjent)  12:00 – 17:00 (sjølvbetjent) 12:00 – 17:00
Time bibliotek held stengt alle heilagdager, samt nyttårs-, påske-, pinse- og julaften.

Me har òg avvikande opningstider i feriar.

 

Kva skjer på Time

aug
23
ons
19:30 Årets stortingsval – betraktning... @ Time bibliotek
Årets stortingsval – betraktning... @ Time bibliotek
aug 23@19:30-21:15
Årets stortingsval – betraktningar og trendar ved Harald Birkevold (49). @ Time bibliotek | Rogaland | Norge
Folkeakademiet Time startar  haustens foredragsrekke med fokus på det komande stortingsvalet. Birkevold er kommentator i Stavanger Aftenblad, og vil i foredraget ha blikk på den politiske situasjonen. Han tek med seg impulsar frå «Arendalsveka» –[...]
aug
24
tor
17:30 Sjakk @ Time bibliotek
Sjakk @ Time bibliotek
aug 24@17:30-19:00
Sjakk @ Time bibliotek | Rogaland | Norge
Instruktør: palestinske Ahmad Abdelhafiz frå Syria. Ahmad snakkar norsk. Passar for vaksne og barn frå 7-8 år.

Laan og leige av lokaleLån og leige av lokale

 

Time bibliotek og Garborgsenteret disponerer fleire rom du kan låna eller leiga. Ta kontakt på bibliotek@time.kommune.no dersom du vil nytta rom hjå oss.

Aviser Aviser ved Time bibliotek

Biblioteket abonnerer på mange aviser, både lokale og nasjonale. Kom gjerne med framlegg dersom du saknar ei avis.

Translate »
Click to listen highlighted text!