Lån og leige av lokale.

Time bibliotek og Garborgsenteret disponerer fleire rom du kan låna eller leiga. Lokale
Ta kontakt på bibliotek@time.kommune.no dersom du vil nytta rom hjå oss.

Storsalen.

Dette er ein full utstyrt møtesal med plass til 100 i kinooppsett, 65 plassert ved bord til eit måltid. Salen har lydanlegg, prosjektor og lerret, og kan brukast til konferansar, festar, øvingar m.m. Prisane er som fylgjer:

Privatpersonar/bedrifter: kr 700 per time føre kl 16, kr 1000 per time etter kl 16 og i helga.
Frivillige organisasjonar: kr 750 per time same kva tid.

Leiga inkluderer vert, reinhald og bruk av utstyr. Dersom det trengst ekstra vert kostar det kr 400 ekstra per time på kvardagar, kr 450 ekstra per time i helga.

Dersom eit arrangement varar i 8 timar eller meir, ta kontakt for eigen avtale. Dersom ein arrangør ønskjer å nytta dei andre romma i tillegg, be om eigen avtale.

Haugtussa 1 og 2, Haugtussasalen.

Haugtussa 1 og Haugtussa 2 er to møterom. Desse kan slåast saman til eit stort møterom. Stort møterom bestiller du under namnet Haugtussasalen. Desse møteroma ligg lengst mot vest (jernbanen) i 1. etasje. I utgangspunktet er det 8 plassar i kvart rom, når dei er slegne saman går det inn 20 personar. Romma kan brukast til møte, gruppearbeid m.m. På det eine rommet er det ein stor flatskjerm du kan nytta til visning av presentasjonar, film eller dataspel. Gje melding om du treng flatskjerm eller ikkje. Rommet er gratis i biblioteket si opningstid.

Dei som låner rommet er ansvarleg for at det er ryddig når dei forlèt rommet.

Haugkallen.

Dette er eit enkelt møterom med 8 plassar. Det er tilgang til toalett i rommet. Rommet er gratis i biblioteket si opningstid.
Dei som låner rommet er ansvarleg for at det er ryddig når dei forlèt rommet.
Translate »
Click to listen highlighted text!