Klepp bibliotek

Tlf 51 42 98 70 , e-post : klepp.bibliotek@klepp.kommune.no

Klepp bibliotek ligg i Klepp rådhus, sentralt i Kleppekrossen.

 

Opningstider:

Biblioteket har meirope 7.00 – 23.00 kvar dag, heile året,

ved underskriven kontrakt.

 

Måndag:    10.00 – 18.00

Tysdag:      10.00 – 18.00

Onsdag:     10.00 – 18.00

Torsdag:    10.00 – 18.00

Fredag:      10.00 – 15.00

Laurdag:    10.00 – 14.00

 

Klepp bibliotek held stengt alle heilagdager, samt nyttårs-, påske-, pinse- og julaften.

Me har òg avvikande opningstider i feriar.

 

På biblioteket kan du låna bøker, lydbøker, filmar, tidsskrift og vekeblad, musikk og dataspel.

Lokalsamlinga har lokalhistoriske bøker frå Klepp, Jæren og Rogaland. Bok til alle og Boka kjem er tilbod til dei brukarane som ikkje kan koma til biblioteket sjølv.

Biblioteket har eit godt samarbeid med Det flerspråklige bibliotek om bøker på andre språk som for eksempel arabisk og somalisk.

Biblioteket er ein møteplass, der du kan lesa aviser, ta ein drøs, sitja ved datamaskinar, surfa på internett og studera på lesesal eller grupperom.

Klepp bibliotek har ikkje berre bibliotekfunksjonar, men fungerer også som kommunen sitt servicekontor, der innbyggjarane kan kopiera, ta utskrift frå PC, senda fax og mail eller få bossekker.

Klepp kommune har som visjon: Barna, vår framtid. Barneavdelinga på Klepp bibliotek har høg aktivitet, med stort utlån og eit godt samarbeid med skular og barnehagar. På barneavdelinga kan du finna bildebøker, barne- og ungdomsbøker, teikneseriar, eventyrbøker, lydbøker og filmar. Barneavdelinga tilbyr 6-10 arrangement for førskulebarn i året.

Alle er velkomne til Klepp bibliotek!

 

Tilbod på Klepp bibliotek:

 

Fjernlån

Biblioteket kan låna inn materiale som me ikkje har sjølv frå andre bibliotek. Denne tenesta er gratis.

 

 

Bok til alle – bibliotek

Foreininga Leser søker bok samarbeider med over 250 bibliotek over heile landet. Desse biblioteka kallar vi Bok til alle-bibliotek. Her

kan ein enkelt finna bøker som er lette å lese. Bøkene er samla i eigne hyller og sortert etter grad av tilpassing. Bibliotekarane kan

også gi gode råd om kva bøker som kan passa best for ulike lesevanskar.

 

Bøker på andre språk

Biblioteket har eit godt samarbeid med Det flerspråklige bibliotek. Dermed har biblioteket bøker på fleire språk, både for vaksne og

barn. Forutan bøker på engelsk, kan ein låna bøker på blant anna arabisk, somalisk, polsk, russisk, dari, persisk, islandsk. Biblioteket

prøver å ha bøker på dei språka som blir etterspurde, så ta kontakt dersom du ikkje finn bøker på det språket du ønskjer.

Hugs også på at vi kan fjernlåna bøker frå blant anna Det flerspråklige biblioteket.

Kommende hendelser

jun
2
lør
10:00 Hobbyverksted @ Klepp bibliotek
Hobbyverksted @ Klepp bibliotek
jun 2@10:00-14:00
Hobbyverksted @ Klepp bibliotek | Rogaland | Norge
Hver lørdag er det hobbyverksted på Klepp bibliotek Vi setter fram utstyr til en aktivitet som alle kan lage selv. Passer for barn 5-11 år Gratis
jun
9
lør
10:00 Hobbyverksted @ Klepp bibliotek
Hobbyverksted @ Klepp bibliotek
jun 9@10:00-14:00
Hobbyverksted @ Klepp bibliotek | Rogaland | Norge
Hver lørdag er det hobbyverksted på Klepp bibliotek Vi setter fram utstyr til en aktivitet som alle kan lage selv. Passer for barn 5-11 år Gratis
jun
16
lør
10:00 Hobbyverksted @ Klepp bibliotek
Hobbyverksted @ Klepp bibliotek
jun 16@10:00-14:00
Hobbyverksted @ Klepp bibliotek | Rogaland | Norge
Hver lørdag er det hobbyverksted på Klepp bibliotek Vi setter fram utstyr til en aktivitet som alle kan lage selv. Passer for barn 5-11 år Gratis
Translate »
Click to listen highlighted text!