Fotosamlinga i Time bibliotek

Time bibliotek har ei omfattande fotosamling  kor omlag 3500 bilde nå er tilgjengelege på nettet.  Bilda er skanna og registrerte i samarbeid med Jærmuseet og publisert i Digitalt Museum. 

I databasen http://www.digitaltmuseum.no kan du søka etter stader, personar og emne. Du kan leggja inn kommentarar og ekstraopplysningar og bestilla bilde for ulik bruk. Sjå prisar og vilkår

Time bibliotek si fotosamling består av fleire undersamlingar:

WIDERØE FLYFOTO. På 1970-talet kjøpte Time kommune alle Widerøe sine flyfoto frå tettstader og gardar i kommunen. Widerøe fotograferte i 1950- og 1960-åra. Heile samlinga er digitalisert og består av både svart/kvitt-bilde og fargebilde. Originalbilda vert deponert i Nasjonalbiblioteket.

TIME GARD OG ÆTT. På 2000-talet gav Time kommune, i samarbeid med Time historielag, ut bokverket Time gard og ætt i 6 band. Innsamla bilde til bokverket vart registrerte og skanna i Time bibliotek og avfotograferte i Statsarkivet, som deponerer negativa. Førebels er bilda til band 5 og band 6 digitalt tilgjengeleg. Originalbilda er leverte tilbake til eigarane.

PEDER NETLAND-SAMLINGA. I 2015 fekk Time bibliotek tilgang til Peder Netland si samling av omkring 2000 negativbilde tekne i perioden 1920-1950-åra. Negativa er skanna og registrerte i Time bibliotek, og vert deponerte i Statsarkivet. Digitalt tilgjengeleg. 

Om lag 1/3 av fotosamlinga til Time bibliotek er digitalt tilgjengeleg. Arbeid pågår for å fullføra digitaliseringa. For bestilling av bilde frå analog samling: ta kontakt med biblioteket.

 

Kameratgjeng med nye syklar i 1913.
Frå venstre Nils P. Aarrestad, Bernt Taksdal, Petter O. Årrestad, Sven A. Undheim og Trygve Taksdal.
(Fotograf: ukjent. Tilhører: Jærmuseet)

Bilreperasjon ved Holt.
Frå turen til Oslo 4 – 12 august 1928. Fotograf, sikker:Netland, Peder
(Fotograf: ukjent. Tilhører: Jærmuseet)

Berta Netland G. Kalvik (1930-2000) i vogna.
(Foto: Netland, Peder / Jærmuseet)

Bryne med jernbanestasjonen i midten. Mellom her og industribygget i framgrunnen til Erland Maskin AS ligg Brødr. Hetland sitt industriområde.
(Foto: Schrøder, A. / Jærmuseet)

Bussen til Simon Mossige på søndagsutflukt. Han står sjølv i døra. Deltakarane er ukjende. Simon dreiv rutebusskjøring på strerkninga Undheim – Bryne – Sandnes i mellomkrigstida. Registrerings nr på bussen er L-10353.
(Foto: Ukjent / Jærmuseet)

Nedre del av Bryne, med Mølla og Rv 44. Fjørfeslakteriet nede til venstre. Tinghaugvegen/Postvegen tek av til høgre.
(Foto: Widerøes Flyveselskap ASA / Jærmuseet)

Translate »
Click to listen highlighted text!