E-bibliotek

«E-bibliotek» er eit omgrep me nyttar om dei digitale tilboda som finst på biblioteket, både dei som er opne for alle og dei du må sitje på våre PC-ar eller på vårt trådlause nett for å nytta.

EBokBib

Lån ebøker frå biblioteket. Har du lånekort hjå oss, kan du låna ebøker allereie i dag. Du treng kun å lasta ned applikasjonen eBokBib på din smarttelefon eller nettbrett, og logga inn med lånekortnummer og pinkode

 

Retriever (Atekst)

Her finn du artiklar frå 78 norske aviser og tidsskrift. Du kan søkja etter ord og emne. Mellom anna ligg VG ute frå 1946 til i dag, Aftenposten frå 1983, Stavanger Aftenblad frå 2003 og Jærbladet frå 2008. Dette er eigentleg ei betalteneste, men brukar du ein av biblioteket sine PC-ar eller vårt trådlause Internett har du fri tilgang.

 

Pressreader

Her har du fri tilgang til hundrevis av aviser på meir enn 60 språk frå over 100 land! Les meir her

 

Bokhylla.no

Nasjonalbiblioteket skannar bøker og legg ut i fulltekst så du kan lesa på PC, lesebrett eller andre datamaskiner. Her er det fri tilgang for alle som sit på Internett i Noreg. Bøker av forfattarar som døydde for 70 år sidan eller meir kan du stort sett laste ned til di eiga maskin, medan nyare bøker berre kan lesast på sjølve nettstaden.

 

Aviser frå NB Digital

Nasjonalbiblioteket skannar òg gamle aviser, mellom anna er Stavanger Aftenblad mellom dei avisene som er komne lengst tilbake i tid. Denne tenesta er førebels på prøvestadiet, du har tilgang på biblioteket sine PC-ar eller trådlaust nett. Les meir her

 

Lesekroken.no

Eventyr på ditt og mitt språk. Her finner du eventyr på 19 språk for flerkulturelle/minoritetsspråklige.
Portalen inneholder e-bøker og e-lydbøker med eventyr fra Asbjørnsen og Moes samlinger på bokmål bokmål og nynorsk, samt 19 av de mest vanlige fremmedspråkene i Norge.
Tjenesten er gratis i bruk for alle kommunens innbyggere, skoler, barnehager, mottak, PPT tjenester osv., Bare ta kontakt med Klepp, Sola eller TIme bibliotek for å få passord.

 

Filmbib.no

Filmbib gjer alle med nasjonalt lånekort moglegheit til å sjå norsk kort- og dokumentarfilm heilt gratis ved å logga seg på med sitt nasjonale lånekortnummer og pinkode.

 

Ordnett (kun Time)

Biblioteket abonnerer på digitale ordbøker. Skriv inn eit ord i søkjefeltet, så får du definisjonar på bokmål og nynorsk med omsetjingar til og frå engelsk, fransk, tysk og spansk. Tilgjengeleg på Time biblioteket sine PC-ar og trådlause nett.

 

Store Norske Leksikon / Norsk Nettleksikon

Dette er den digitale utgåva av Kunnskapsforlaget sitt leksikon. I tillegg til Store Norske Leksikon inneheld nettstaden to viktige ressursar: Norsk Biografisk Leksikon og Store Medisinske Leksikon. Leksikonet er under utvikling, du kan hjelpa til med redigering. Fri tilgang.

 

Wikipedia på Nynorsk, Bokmål og Engelsk

Wikipedia er eit nettleksikon som er oppstått som eit gigantisk dugnadsprosjekt. Både ekspertar, gode amatørar og ikkje fullt så gode amatørar er med og redigerer. Dette er både ein styrke og svakheit ved leksikonet, men det er gode rutinar som plukkar vekk reine sabotasjeforsøk. I motsetnad til andre leksikon blir kontroversielle artiklar merka slik at lesaren blir oppmoda til å til å lesa kritisk. Språkvariasjonen er òg ein styrke, går du inn på ein artikkel kan du sjå alle språk han finst på og sjekka dei språka du kan.

 

Encyclopedia Britannica

Dette nettleksikonet er etterfølgjaren av papirutgåva. Her kan du òg vera med og redigera, men det er strengare enn på Wikipedia. Her betaler biblioteket for tilgang, du må sitje på vårt nettverk eller våre PC-ar for å ha tilgang. I tillegg til reine leksikonartiklar finn du òg ressursar frå tidsskrift og andre nettstader tilgjengeleg.

 

Bokmålsordboka / Nynorskordboka

Nynorskordboka og Bokmålsordboka er definisjons- og rettskrivingsordbøker for nynorsk og bokmål. De kom ut første gang i 1986 som et samarbeidsprosjekt mellom Universitetet i Oslo og Norsk språkråd.

Innholdet i Bokmålsordboka og Nynorskordboka er beskyttet av åndsverkloven.

 

Translate »
Click to listen highlighted text!