aug
22
ons
Foredrag ved Bjørn K. Nicolaysen: Frankrike – terrorismens bakdør inn i Europa @ Time bibliotek
aug 22@19:30-21:00
Foredrag ved Bjørn K. Nicolaysen: Frankrike – terrorismens bakdør inn i Europa @ Time bibliotek | Rogaland | Norge

Foredrag ved Bjørn K. Nicolaysen: Frankrike – terrorismens bakdør inn i Europa

Stad: storsalen, Time bibliotek

Tid: onsdag 22.august kl 19.30

Inngang: kr 150 / 100 (medl.)

Arr.: Folkeakademiet Time / Time bibliotek

aug
30
tor
Foredrag: 1968-opprøret: Utopisk vårløsning eller politisk villfarelse? @ Time bibliotek
aug 30@11:00-13:00
Foredrag: 1968-opprøret: Utopisk vårløsning eller politisk villfarelse? @ Time bibliotek | Rogaland | Norge

Foredrag ved professor Bernt Hagtvet.

Studentopprøret for 50 år sidan skulle setja djupe spor etter seg, og «sekstiåttargenerasjonen» har prega politikken, kulturlivet og det akademiske livet heilt fram til i dag.

Professor Bernt Hagtvet var sjølv student ved det amerikanske Yale-universitetet under opprøret.

I førelesinga vil han først presentera dei faktiske hendingane me vanlegvis set i samband med studentopprøret i 1968, og deretter gi ei tolking av opprøret og etterverknadene i Norge og elles i verda.

Han vil særleg konsentrera seg om omgrepa internasjonalisering og radikalisering.

Hagtvet vil også fortelja om sine eigne inntrykk og opplevingar frå det dramatiske året.Bernt Hagtvet, f. 1946, er professor emeritus i statsvitskap ved Universitetet i Oslo.

Hans spesialområde er demokrati, menneskerettar og ekstreme politiske organisasjonar. Gjennom heile karrieren har han vore ein aktiv og engasjert formidlar og samfunns-debattant.

 

Arr.: Jæren SeniorUniversitet
Torsdag 30. august kl. 11.00 | Storsalen | Kr 100/gratis (medl.)

(Foto: Bjørknes Høyskole)

sep
19
ons
Foredrag: Frå gardsgut til Kongens bord @ Time bibliotek - storsalen
sep 19@19:30-20:30
Foredrag: Frå gardsgut til Kongens bord @ Time bibliotek - storsalen | Rogaland | Norge

Foredrag: Frå gardsgut til Kongens bord
Ved tenestemann og politikar Gunnar Berge | Arr.: Folkeakademiet Time / Time bibliotek

Onsdag 19. september kl. 19.30 | Storsalen | Kr 150/100 (medl.)

Gunnar Berge: Frå gardsgut til kongens bord @ Time bibliotek - Storsalen
sep 19@19:30-20:30
Gunnar Berge: Frå gardsgut til kongens bord @ Time bibliotek - Storsalen | Rogaland | Norge

FOREDRAG.
Gunnar Berge er ein norsk tenestemann og politikar (Ap). Han er tidligere direktør i Oljedirektoratet, og er i dag styreleiar i det statlege oljeselskapet Petoro.
Han er fødd og oppvaksen i Etne, men var industriarbeidar ved Rosenberg Verft frå 1957-1966. Han var lokalpolitikar i Stavanger frå 1963, innvald på Stortinget for Rogaland i perioden 1969 til 1993, finansminister 1986-1989 og kommunalminister 1992-1996.
Han var medlem av Den norske Nobelkomite i perioden 1997-2002 og leiar 2000-2002.
Berge var direktør i Oljedirektoratet frå 1997, men annonserte avgang som oljedirektør i 2007 for å bli styreleiar i Petoro.
I møtet i Folkeakademiet Time vil Gunnar Berge fortelja laust og fast frå sin lange og innhaldsrike karriere, som starta som gardsgut i Etne. Han er fortsatt ein aktiv samfunnsdebattant og vil sikkert også koma inn på aktuelle saker og emne i dagens samfunn.
(foto: Kjell Alsvik / Helse Vest RHF)

Stad: storsalen, Time bibliotek
Inngang: kr 150 / 100(medl.)
Arr.: Folkeakademiet Time / Time bibliotek

sep
27
tor
Foredrag: Aldring, helse og det gode liv @ Time bibliotek - Storsalen
sep 27@11:00-13:00
Foredrag: Aldring, helse og det gode liv @ Time bibliotek - Storsalen | Rogaland | Norge

Foredrag ved lege Geir Sverre Braut | Arr.: Jæren SeniorUniversitet

 

Folk i Norge og store delar av verda elles lever lenger for kvart år som går. Det blir såleis også gradvis mange

fleire eldre. Mange snakkar om «eldrebølgja» som eit ustyrleg problem. Men er det no verkeleg slik? Kan det

tenkjast at det i alderdommen ligg både ressursar og rikdom som korkje den einskilde eller samfunnet maktar å

bruka? Kva er i så fall føresetnadene for å sjå på aldring som ressurs? Og korleis kan dette påverkast av den

einskilde og styremaktene? Dette vil vera kjernespørsmåla som vil bli drøfta i førelesinga.

Geir Sverre Braut, f. 1955, er utdanna lege, spesialist i samfunnsmedisin. Han arbeider no ved Stavanger

universitetssjukehus, Universitetet i Stavanger og Høgskulen på Vestlandet med undervisning og forsking om

samfunnstryggleik, offentleg tenesteyting og helsetenester. Tidlegare har han vore fylkeslege i Rogaland og

assisterande direktør i Statens helsetilsyn.

 

Torsdag 27. september kl. 11.00 | Storsalen | Kr 100/gratis (medl.)

sep
29
lør
Laurdagstimen: Nynorsk litteraturhistorie @ Time bibliotek - storsalen
sep 29@13:00-14:00

 Laurdagstimen: Nynorsk litteraturhistorie

 Ved Jan Inge Sørbø | Arr.: Time bibliotek/Garborgsenteret

Laurdag 29. september kl. 13.00 | Storsalen | Kr 100

okt
1
man
Mitt Nabolag – Zabaleener prosjektet @ Time bibliotek - Storsalen
okt 1@19:00-20:30
Mitt Nabolag - Zabaleener prosjektet @ Time bibliotek - Storsalen | Rogaland | Norge

Christian Stejskal er norsk fiolinist, fotograf og historieforteller med base i Kairo i Egypt. «Mitt Nabolag» er ei

multimedieforestilling som tek publikum med på ei fargerik og personleg reise frå Stejskals fødeby Wien til hans

liv i Kairo blant Zabaleenerne – byens kristne søppelarbeidere. Han han fortel sju forteljinger om sju

menneskeskjebner frå «Søppelbyen», samtidig som han viser fotografi og speler Arabisk og egenkomponert

musikk på fiolin.

Tid: 1.oktober kl 19 | Stad: Storsalen, Time bibliotek | Pris: kr 100

nov
7
ons
Siw Bjørkås: Korleis snakke så barn lyttar og lytte så barn snakker @ Time bibliotek - Storsalen
nov 7@19:00-20:30
Siw Bjørkås: Korleis snakke så barn lyttar og lytte så barn snakker @ Time bibliotek - Storsalen | Rogaland | Norge

Vil du læra å byggja sjølvkjensla hos barn? Ønsker du metodar til å roa ned opprørte barn? Kva kan me gjera

når to barn kranglar eller slåss?

Siw Bjørkås er tobarnsmor, jobbar som lærar i barneskule og er eigar av Barnepraten. Visjonen hennar er å

hjelpa alle til å skapa gode relasjonar med barn. Ho held foredrag i barnehagar, skular og på UiS, i tillegg til å

halda kurs i «Korleis snakka så barn lytter»-metoden.

Målet er å gi deg som kommuniserer med barn ei innføring i effektive og praktiske kommunikasjons-metodar

som vil gjera forholdet ditt til barn i alle aldre mindre stressande og meir givande.

Metodane er basert på bøkene til Faber/Mazlish: How to talk so kids will listen, and listen so kids will talk.

 

Stad: storsalen, Time bibliotek

Gratis inngang!

Passar for alle barnehagetilsette, lærarar og foreldre

Arr.: Time bibliotek

nov
21
ons
Tom Hetland: Putin – den nye tzaren? @ Time bibliotek - Storsalen
nov 21@19:30-20:30
Tom Hetland: Putin - den nye tzaren? @ Time bibliotek - Storsalen | Rogaland | Norge

Tom Hetland er tidlegare journalist og redaktør i Stavanger Aftenblad. Han har studert russisk språk og historie

og har vore på mange reportasjereiser i Russland. I foredraget vil han visa korleis Putin har fått maktposisjonen

sin, og korleis presidenten byggjer vidare på ideologiar og haldningar med røter tilbake til Tsar-Russland.

Hetland vil også ta for seg forholdet mellom Russland og Vesten, og koma med tankar om korleis den neste

presidentperioden vil arta seg for Putin. Er han urokkeleg, eller kan også Putin si makt falla saman?

(foto: Aftenbladet)

Stad: storsalen, Time bibliotek

Inngang: kr 150 / 100(medl)

Arr.: Folkeakademiet Time / Time bibliotek

Translate »
Click to listen highlighted text!