Klikk for å vise på kart
Når:
14. juli 2018@11:30-14:30
2018-07-14T11:30:00+02:00
2018-07-14T14:30:00+02:00
Hvor:
Time bibliotek
Hetlandsgata 11
4340 Bryne
Norge
Pris:
Gratis

Ranglerock, Time bibliotek og Nasjonalt Garborgsenter inviterer i år igjen til GRATIS familiefestival laurdag 14. juli, og lovar framifrå stemning for familier med og utan barn når mellom andre den svært namngjetne duoen Meg og kammeraten min kjem for å underhalda.

Små og store er nok ein gong velkomne til å pakka piknik-korgene og koma saman til ein tilbakelent ettermiddag med gras, sol, leik, is, god drøs og god musikk for heile familien i Sporvatunet, parken utanfor Garborgsenteret/Time bibliotek.

Ingen ringare enn Spellemann-nominerte Meg og kammeraten min og 9 grader nord kjem for å gjera kvar sine konsertar. I tillegg blir det snurra barnefilm i kinosalen i biblioteket.

Translate »
Click to listen highlighted text!