Når:
1. juli 2017@12:00-17:00
2017-07-01T12:00:00+02:00
2017-07-01T17:00:00+02:00
Hvor:
Time bibliotek / Sporvatunet
Hetlandsgata 11
4340 Bryne
Norge
Pris:
Gratis
Kontakt:
Ranglerock/Time bibliotek/Garborgsenteret

Ranglerock, Time bibliotek og Nasjonalt Garborgsenter inviterer til gratis familiefestival laurdag 1.juli! Små og store er velkomne til å pakka piknik-korgene og koma saman til ein tilbakelent ettermiddag med gras, sol, leik, is, god drøs og god musikk for heile familien i Sporvatunet, parken utanforTime bibliotek.

Det vert konsertar med Silja Sol, Erlend Viken Trio og Atlars. Me snurrar barnefilm i kinosalen i biblioteket, og Nasjonalt Garborgsenter inviterer alle inn til kunstutstillinga Småsporven.

PROGRAM
1200 Barnefilm i biblioteket
1300 Erlend Viken trio
1400 Atlars
1500 Silja Sol
1600 Kunstutstillinga Småsporven i Garborgsenteret

Me satsar på godt sommarver slik at me kan vera ute i den flotte parken. Vert det dårleg ver flyttar me arrangementet inn i biblioteket.

Arrangementet er heilt gratis, men det er mogleg for dei som ønsker det å bidra med pengebeløp etter eige ønske.

 

Translate »
Click to listen highlighted text!