Klikk for å vise på kart
Når:
19. september 2018@19:30-20:30
2018-09-19T19:30:00+02:00
2018-09-19T20:30:00+02:00
Hvor:
Time bibliotek - Storsalen
Hetlandsgata 11
4340 Bryne
Norge
Pris:
r 150 / 100 (medl.)

FOREDRAG.
Gunnar Berge er ein norsk tenestemann og politikar (Ap). Han er tidligere direktør i Oljedirektoratet, og er i dag styreleiar i det statlege oljeselskapet Petoro.
Han er fødd og oppvaksen i Etne, men var industriarbeidar ved Rosenberg Verft frå 1957-1966. Han var lokalpolitikar i Stavanger frå 1963, innvald på Stortinget for Rogaland i perioden 1969 til 1993, finansminister 1986-1989 og kommunalminister 1992-1996.
Han var medlem av Den norske Nobelkomite i perioden 1997-2002 og leiar 2000-2002.
Berge var direktør i Oljedirektoratet frå 1997, men annonserte avgang som oljedirektør i 2007 for å bli styreleiar i Petoro.
I møtet i Folkeakademiet Time vil Gunnar Berge fortelja laust og fast frå sin lange og innhaldsrike karriere, som starta som gardsgut i Etne. Han er fortsatt ein aktiv samfunnsdebattant og vil sikkert også koma inn på aktuelle saker og emne i dagens samfunn.
(foto: Kjell Alsvik / Helse Vest RHF)

Stad: storsalen, Time bibliotek
Inngang: kr 150 / 100(medl.)
Arr.: Folkeakademiet Time / Time bibliotek

Translate »
Click to listen highlighted text!